– Ein av politifolka døydde
Politiet i Washington D.C. fortel på ei pressekonferanse at ein av politifolka som vart påkøyrd av ein bil tidlegare fredag, døydde som fylgje av skadane. Den andre er på sjukehus. Også den mistenkte gjerningspersonen er død, seier politiet.