Sensasjonell norsk vektløftarbronse
Solfrid Koanda (22) tok ein sensasjonell norsk bronse i vektløfting i EM i Moskva i 87 kg-klassen laurdag. Ho løfta 135 kilo i støt, det er norsk rekord. Ho har sjølv gjort det på trening tidlegare. – Det er det største eg har opplevd, seier Koanda til NRK. Ho har drive med vektløfting berre i eit drygt år. EM var det første internasjonale stemnet ho var med på. – Eg blei oppfordra til å delta på NM, og der såg dei at eg hadde talent. Det blei norsk rekord. Så har det gått betre og betre, det har vore ei fantastisk reise, seier Arendals-jenta. Читать дальше...