Fann våpen og eksplosiv i Kragerø
Politiet aksjonerte mot heimen til ein mann som stakk frå ein trafikkontroll i Kragerø i føremiddag. Der fann dei våpendelar og eksplosiv, i tillegg til narkotika, skriv Sør-Øst politidistrikt. Dei skriv har fått hjelp frå bombegruppa frå Oslo for å detonere sprengstoffet på ein sikker måte. To personar er mistenkte i saka.