Dataangrep mot israelske nettstader
Fleire offentlege nettsider i Israel var nede tidlegare i dag, noko som ifølgje israelske medium truleg kjem av eit omfattande dataangrep. Men no skal alle nettsidene vere oppe igjen, tvitra Israels nasjonale data-direktorat. Innanriksdepartementet, justisdepartementet og helsedepartementet var blant dei som vart ramma, og det same gjeld nettsida til kontoret til den israelske statsministeren. Ei forsvarskjelde opplyser til avisa Haaretz at det landet sto midt oppe i det største dataangrepet nokosinne, men det er ikkje kjent kven som står bak. Читать дальше...