NRK erfarer: Grunneigarar villege til å bla opp for Fornebubanen
Grunneigarane langs traseen til Fornebubanen er etter det NRK kjenner til villege til å bidra med over 2 millardar kroner ekstra for å få banen bygd. Den totale summen frå grunneigarane vil då vere oppe i mellom 4 og 5 milliardar kroner. Bygginga av banen har stått i fare etter ei rekke kostnadssprekkar på fleire milliardar kroner.