Evakurerer tog på Østfoldbanen
Brannvesenet bistår med å evakuera eit tog på Østfoldbanen som har rive ned ein køyreledning ved Ski, skriv Øst 110-sentralen på Twitter. Bane Nor skriv at strekninga Ski - Kråkstad er stengt grunna straumproblem. Dei jobbar med å retta feilen, men veit ikkje kor lang tid det vil ta.