AFP: Etiopiske luftstyrkar skal ha angripe Tigray
Nyheitsbyrået AFP melder at styrkar i Etiopia skal ha utført eit luftangrep mot hovudstaden Mekele i regionen Tigray. Det seier talsperson for Folkefronten for frigjeringa i Tigray (TPLF), Kindeya Gebrehiwot. Gebrehiwot sa at eit bustadområdet og ein barnehage vart treft i Mekele. Klinikksjef ved sjukehuset i Mekele, Kibrom Gebreselassie seier at fire personar vart drepne i angrepet og fleire vart skada. To av dei drepne er born, skriv AFP.