Ulukke mellom buss og motorsykkel
Éin person er tatt med av ambulanse etter samanstøyten mellom ein buss og ein motorsykkel i Haugesund. Tilstanden til pasienten er ukjend. Bussen blir no fjerna frå vegen. Det skal vere snakk om mindre materielle skadar. Ulukka skjedde i Salhusvegen ved kommunegrensa. Omfanget er ukjend, skriv politiet på Twitter.