Russland godkjenner lov mot positiv framstilling av skeive
Overhuset i Russland har godkjent forbodet mot det som blir omtalt som «propaganda for ikkje-tradisjonelle seksuelle forhold», veka etter at Dumaen vedtok det. No står att berre den endelege godkjenninga frå president Vladimir Putin. Straffa for å bryte lova er bøter på opptil 67.000 kroner, og utlendingar kan bli utviste.