Mann gripen for studentdrap i USA
Ein 28 år gammal mann er gripen, mistenkt for drapet på fire studentar i Idaho i midten av november, melder Reuters. Studentane låg og sov i eit hus då dei blei drepne. Mannen er skulda for drap og innbrot, ifølge påtalemakta.