Avsluttar leiteaksjon
Leiteaksjonen etter ein person på fjellet Litjkalken i Sunndal er avslutta. Mannskap frå redningshelikopteret er i kontakt med fjellgåaren som er på toppen av fjellet og i fin form. Personen har hovudlykt og vil gå ned att sjølv, opplyser politiet. Både redningshelikopter og leitemannskap deltok i aksjonen.