New York: – Ein ny normal
Klimaendringane er medverkande til det kraftige regnvêret som førte til flaum i New York City denne veka. Det meiner New York-guvernør Kathy Hochul. – Det syner seg som ein «ny normal», sa ho laurdag. Den tropiske stormen «Ophelia» har no passert storbyen, der ikkje minst trafikken blei råka av nedbørsmengdene.