FN: Angrep mot hjelpearbeidarar kan vera krigsbrotsverk
FNs høgkommisær for menneskerettar seier at angrep mot menneske involvert i naudhjelp kan vera krigsforbrytelse. Det gjeld også angrep mot gjenstandar involvert i naudhjelp, skriv NTB. Utsagnet kjem etter at eit israelsk angrep tok livet av sju hjelpearbeidarar frå World Central Kitchen på Gazastripa. – Å angripa menneske eller gjenstandar som er involvert i humanitær bistand, kan utgjera ein krigsbrotsverk, seier talsperson frå kommisjonen Jeremy Laurence.