Avis: IS-truslar mot kvartfinalen i Champions League
Terrororganisasjonen IS skal ha kome med truslar mot dei fire stadionane der kvartfinalane i Champions League skal spelast, skriv den spanske sportsavisa Marca. Det er allereie sett inn spesielle tiltak i samband med kampen mellom Real Madrid og Manchester City tysdag, fordi styresmaktene ser på det som ein «høgrisikokamp». Førebels er det ikkje sett inn nokre ekstra tryggleikstiltak på grunn av terrortrusselen, men det vert vurdert, ifølgje avisa.