Prøvde å true til seg pengar frå apotek
0
Ein person skal ha gått inn på eit apotek i Bergen sentrum og trua personalet i forsøk på å rane til seg pengar. Personen skal ikkje ha vist fram våpen, men trua via ein tekst, melder Vest politidistrikt på Twitter. Personen skal ikkje ha fått med seg noko pengar, men forlot staden før politiet kom fram. Politiet leiter no etter vedkommande i sentrum.