Kan ta imot 1000 flyktningar
På ein dags varsel kan Noreg ta imot 1000 flyktningar, seier Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) og UDI til VG.
FN opplyste tysdag at over 660.000 personar har flykta frå Ukraina fram til no. Noreg vil hjelpe land som oppmodar til det.
– Viss det kom i morgon, så skulle vi klare 1000 utan å gjere noko ekstraordinært. Men vi er i ferd med å bygge opp og utvide kapasiteten, og vi førebur nå ein mykje større kapasitet enn det vi har i augeblinken, seier UDI-direktør Frode Forfang til avisa.