Tajik eigde to leilegheiter
Medan arbeidsminister og Ap-nestleiar Hadia Tajik fekk gratis pendlarbustad, eigde ho to leilegheiter i Stavanger-området, skriv Dagbladet. Tajik var folkeregistrert hos foreldra, og fortalde SMK at ho leigde ei leilegheit i Sandnes, noko ho ikkje gjorde.
Leilegheitene blei leigd ut, opplyser Tajik, som seier ho kjøpte dei med tanke på å flytte ut frå foreldra. Ho meiner ho likevel hadde krav på pendlarbustad fordi ho hadde bustadutgifter hos forelda, noko ho ikkje har kunne dokumentere.
Ap-nestleiaren seier ho forstår at det er mange spørsmål om saka, og at ho vil prøve å svare dei så godt ho kan.