Ordførar: Mariupol under angrep
Byen Mariupol, søraust i Ukraina, er under angrep, hevdar ordføraren Vadym Boychenko i eit TV-intervju. Han ber om militær hjelp og at folk får sleppe ut frå byen, ifølge Reuters.
Ordføraren seier også at dei er utan vatn, varme og elektrisitet, og at dei snart er tomme for mat.
Det har gått føre seg harde kampar i byen dei siste fem dagane. Ukrainske myndigheiter har meldt at byen er omringa er russiske styrkar, men at den framleis er under ukrainsk kontroll.