Mann knivstukken i Haugesund
0
Ein mann i 60-åra er køyrd til sjukehus etter ei knivstikking på Rossabø i Haugesund måndag kveld. Ei kvinne i 50-åra er arrestert. Mannen var ved medvit og gjekk ut sjølv, seier operasjonsleiar Brit Randulff til NTB. Ifølgje politiet var det kvinna som melde inn hendinga. Relasjonen mellom dei to er uklar, opplyser Randulff.