Fleire tok imot foreldrepengar i fjor
0
140.000 personar tok imot foreldrepengar i fjor. Det er ein auke på 2,6 prosent frå året før, viser nye Nav-tal.
Auken er på 2,4 prosent svarar til 3500 fleire personar.
Ifølgje Nav blei det 2300 fleire kvinnelege mottakarar, ein auke på 3 prosent. Det blei 1200 fleire mannlege mottakarar, ein auke på 2 prosent.
Det er flest mottakarar i aldersgruppa 30–34 år blant både kvinner og menn.