Russisk skipslast skal til Raufoss
0
Delar av lasten frå det russiske lasteskipet Lazurite skal til selskapet Benteler Raufoss, som held til i Raufoss industripark. Det får NRK stadfesta.
Lasteskipet la til kai i Oslo onsdag kveld.
Benteler Raufoss er ein del av det tyske familieeigde og verdsomspennande konsernet Benteler. Dei har 30.000 tilsette og leverer delar til bilindustrien.
Årleg omsette Benteler på Raufoss for ein halv milliard kroner.