Auke i talet på melde ruskøyrarar i år
0
1685 personar er melde for ruskøyring i januar og februar i rå. Det er ein auke på 107 frå same periode i fjor. Talet viser likevel ikkje så mykje om kor mange som faktisk fyllekøyrer, seier generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen i MA Rusfri Trafikk til NTB.
– Vi reknar med at det dagleg blir køyrt 14.000 turar av alkoholpåverka førarar. Det er altså mange som ikkje blir tekne, seier ho.