Finnar vil inn i Nato
Den russiske invasjonen av Ukraina har auka Nato-støtta i Finland. Ein rekordandel på 62 prosent seier dei støttar ein eventuell søknad om Nato-medlemskap.
Det er ein auke på 9 prosentpoeng på berre to veker, ifølgje undersøkinga frå statskanalen Yle.
16 prosent seier dei er mot å bli med i den USA-leidde alliansen, medan 21 prosent er usikre.
Finland har den lengste landegrensa i EU mot Russland og har tradisjonelt vore militært uavhengig for å ikkje å provosere Moskva.