Kina sende 13 krigsfly inn i Taiwans luftforsvarssone
Måndag sende Taiwan ut jagarfly for å avskjere 13 kinesiske fly som hadde floge inn i luftforsvarssona til øystaten.
Det var jagarfly av typane J-10 og J16, og dessutan eit Y-8-fly som blir nytta til elektronisk krigføring, opplyser Taiwans forsvarsdepartement, ifølgje Reuters.
Taiwan, som Kina meiner er kinesisk territorium, har klaga over denne typen tokt frå kinesisk side dei siste to åra, sjølv om flya ikkje har komme i nærleiken av fastlandet.
Sidan Russlands invasjon av Ukraina har det vore auka beredskap i Taiwan, på grunn av frykt for at Kina kan finne på å gjere liknande grep overfor Taiwan.
(NTB)