Russland med sanksjonar mot Blinken og Biden
Russland kjem med ei liste over amerikanske toppolitikarar og byråkratar som ikkje får lov å kome inn i landet, melder nyheitsbyrået Reuters.
På lista finn vi president Joe Biden, utanriksminister Antony Blinken, forsvarsminister Lloyd Austin, CIA-sjef William Burns og den nasjonale sikkerheitsrådgivaren Jake Sullivan, skriv Reuters.
Totalt er 13 personar utestengd frå Russland som eit svar på sanksjonane som USA har innført, skriv nyheitsbyrået.
Tidlegare utanriksminister Hillary Clinton er også på lista.