Stoltenberg: Nato vil styrke det militære nærværet i aust
Etter eit møte med forsvarsministrane i Nato onsdag, seier Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse at alliansen legg planar for å trappe opp sitt militære nærvær i dei austlege landområda. Det gjeld både på land, i lufta og til sjøs.
– Vår nye haldning bør inkludere fleire styrkar i den austlege delen av alliansen med høgare beredskap, meir utstyr og forsyningar, sa Nato-sjefen.
På same tid seier han at alliansen skal halde fram med å støtte Ukraina militært, økonomisk og med humanitær hjelp.
– Putin må stoppe krigen umiddelbart, trekke tilbake styrkane sine no, og delta i diplomatiske samtalar i god tru, seier Stoltenberg.
Stoltenberg seier vidare at han støttar fredsforhandlingar mellom Ukraina og Russland, og at Nato ikkje har plana om å sette inn fredsbevarande styrker.