Eksstatsminister i Bulgaria er sett fri
Den tidlegare statsministeren i Bulgaria, Bojko Borisov er slept laus dagen etter han vart arrestert i heimen sin og skulda for misbruk av EU-milder.
62 år gamle Borisov har vore statsminister i Bulgaria i tre periodar, frå 2009 til mai 2021.
Påtalemyndigheitene har ikkje kommentert saka. Borisov har vore skulda for korrupsjon opp gjennom åra, men han nekta for at han har gjort noko gale.
Europeisk påtalemyndigheit seier dei etterforska 120 saker grunna mistanke om svindel knytt til ulike anbod og subsidiar.
(NTB)