Politiet beklagar tvangsmiddelbruk i mindre alvorlege narkotikasaker
Torsdag beklaga Justisdepartementet til alle som har vore utsett for feil etter at Riksadvokaten har avdekt systematiske feil av politiet sin ransakingspraksis i mindre narkotikasaker, skriv Dagbladet.
No kjem politiet også med ein offisiell beklaging.
«Det er alltid alvorleg når det skjer feil på dette området, og politiet beklagar overfor dei som har vore utsett for feil», skriv politiet i ei pressemelding.
Politidirektoratet skriv at dei tar funna som kjem fram i Riksadvokaten sin rapport, på største alvor.
– Politi og påtalemyndigheit samarbeider tett for å sikre nødvendig oppfølging i våre respektive spor, seier avdelingsdirektør Bjørn Vandvik.
Tvangsmiddelbruk er inngripande for den som blir utsett for det, står det i pressemeldinga.
– Dersom nokon meiner seg urettferdig behandla av politiet kan den enkelte forfølge dette gjennom å fremme krav om erstatning/oppreising etter straffeprosesslova, bruke klageordninga i politiet eller melde til politiet til Spesialeininga, avsluttar Vandvik.