Financial Times: Skal diskutere forlenging av jobben til Stoltenberg på Nato-toppmøte
På det ekstraordinære toppmøte i morgon skal Nato-leiarane diskutere om å forlengje Stoltenberg si periode som Nato-sjef, skriv avisa Financial Times.
Dei allierte skal vere bekymra for eventuelle konsekvensar det vil få å bytte leiarskap medan Russland invaderer Ukraina.
Kjelder frå alliansen seier til avisa at dei ser ei aukande støtte til å forlengje perioden til Stoltenberg.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NTB at han opplev ei brei støtte til jobben Stoltenberg har gjort i Nato.
– Han har vore ein samlande leiar. Men eg har ikkje noko kommentarar utover det. Vi får sjå kva diskusjonen blir på toppmøtet.
På spørsmål frå NTB om dette temaet dukkar opp på toppmøtet, svarar han:
– Det vil eg ikkje utelukke. Men har ikkje noko meir å seie om det.