IAEA: Bekymra over sikkerheita ved ukrainske kjernekraftverk
Sjefen for Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) seier han er bekymra over sikkerheita ved dei ukrainske kjernekraftverka.
I ein video som IAEA la ut på sine eigne heimesider onsdag kveld, seier direktør Rafael Grossi at behovet for å førebygge ei atomulykke blir meir påtrengande kvar dag.
Russiske styrker tok kontroll over det nedstengde kjernekraftverket Tsjernobyl etter invasjonen i februar.
Ukraina har 15 atomreaktorar, og fleire av dei er no under russisk kontroll.
(NTB)