PostNord stoppar alle brev og postsendingar til Russland
0
PostNord stoppar alle brev og postsendingar til og frå Russland og Kviterussland, det seier pressesjef Haakon Nikolai Olsen til NRK.
– Det er eit klart signal om at også PostNord Norge forheld seg til EU sine sanksjonar, seier Olsen.
Dei har ingen oversikt over nøyaktig kor mange sendingar det er frå Russland til Noreg, men Olsen seier det er eit avgrensa tal.