Valdshending i Stavanger: Dei sikta erkjenner ikkje straffskyld
Dei to sikta etter ei valdshending i Stavanger sentrum natt til laurdag blei i kveld avhøyrde, skriv Stavanger Aftenblad. Dei to mennene i 20-åra erkjenner ikkje straffskyld. Politiet vil innan midnatt vurdera om dei to skal lauslatast eller ikkje, skriv avisa.
– Dei to knyter seg til staden, men erkjenner ikkje straffskuld for det dei er sikta for, seier jourhavande jurist Anne Mette Dahle til Stavanger Aftenblad.
Ho seier begge mennene er kjende av politiet frå før. Politiet har tatt ein kniv i beslag i samband med hendinga, men dei er ikkje sikre på kva type stikkvåpen som er brukt for å skada personane, fortel jourhavande jurist Tor Arvid Bruskeland til avisa.
Forsvararen til ein av dei sikta, advokat Knut Lerum, bekreftar at klienten hans nektar straffskuld. Han meiner klienten hans må bli lauslaten, då det ikkje er fare for provtap.