Fadese-start for Norge i curling-VM
Norge har opna VM i curling i Canada med tre strake tap.
Magnus Ramsfjell og hans lag tapte 5-11 for Sverige i natt. Tidlegare blei det 4-10 for Sveits og 6-9 for Japan.
Canada, Japan, Sverige og Sveits er utan tap hittil. Norge møter Canada måndag kveld.