Historisk EM-bronse til Noreg
Dei norske handballherrene gjekk på eit knapt tap mot Kroatia i semifinalen i handball-EM, men viste at dei verkeleg ville vinne medalje og vann 20-28 mot Slovenia i bronsefinalen. Det er Noregs første EM-medalje. Torbjørn Bergerud stod ein strålande kamp i mål. Magnus Jøndal spelte også ein god kamp, fekk sju mål og vart kåra til banens beste.