Dette har ingen gjort på over 60 år
Atalanta slo Bologna 1-0 og inntok andreplassen i Serie A. Dermed har dei scora 95 ligamål denne sesongen, noko ingen har greidd sidan Fiorentina gjorde det same i sesongen 1958/59. Og framleis er det tre kampar att. Likevel, det er langt igjen til Torinos rekord på 125 mål i 1947/48. Men ligameister blir nok ikkje Atalanta likevel. Dei ligg seks poeng bal Juventus, og kan også bli forbigått av Inter, som er to poeng bak med ein kamp mindre spela.