Hovland avslutta med to under par
Ein dobbelbogey på tredje siste hol øydela eit svært godt resultat på siste runde av golfturneringa i Houston, Texas. Hovland gjekk runden på to slag under par, og enda på fem under par totalt. Han var nummer 15 då han var ferdig med runden, sju bak leiande Carlos Ortiz. Men ikkje alle var heilt ferdige. Kristoffer Ventura enda på 7 over par. Etter to gode opningsrunda, gjekk det tungt på dei to siste.