Politiet søker i turområde
Politiet er i gang med undersøkingar i Vågsbygdskogen i Kristiansand. Undersøkingane er knytt til dobbeltdrapet, der ei jente og mor hennar vart funne døde onsdag. – Vi er her fordi vi har sett i verk etterforsking og undersøking. Vi er her i området for å sjekke ut noko i samband med det. Det er ikkje fare for nokon personar, seier innsatsleiar i Agder-politiet, Ole Strandhagen. – Konkret kvifor vi er her, vil eg ikkje gå nærare inn på, sier han.