Inflasjonen i eurosona går opp
Den årlege prisveksten i eurosona steig til 2,9 prosent i desember, ifylgje statistikkbyrået Eurostat. Det er ein oppgang frå 2,4 prosent i november. Kjerneinflasjonen, som Den europeiske sentralbanken (ECB) ser på i samband med renteavgjerder, gjekk samstundes ned til 3,4 prosent frå 3,6 prosent i november. Eurosona består av dei 20 landa i EU som brukar valutaen euro.