Boeing-aksjen fell etter at fly mista delar av skroget i lufta
Nesten 9 prosent har Boeing-aksjen falle etter at fleire fly er sett på bakken. 171 fly er framleis ikkje i lufta att etter at eit fly på veg frå Portland til California mista eit vindauge og ein del av kabinveggen. 35 minutt inn i flyturen såg passasjerane nattehimmelen gjennom flyskroget fredag førre veke. Ingen blei skada av hendinga. I ettertid varsla fleire flyselskap at dei undersøkte flya sine av typen Boeing 737 Max 9 etter hendinga.