Stort ras i Sogn mellom Veitastrond og Hafslo
Det har gått eit stort snøskred mellom Veitastrond og Hafslo på fv. 5641. Raset skal vere fem meter høgt og mellom 50–100 meter breitt. NRK har vore i kontakt med ein yrkessjåfør som kom til staden ei stund etter at raset gjekk i formiddag. Sjåføren var på veg til Hafslo då naturkreftene stoppa han. Sogningen venta i nær tre timar på at vegen blei rydda slik at han og ein skulebuss fekk sleppe forbi. Vegen blei stengt like etterpå igjen. – Eg er vand med at det går ras, det får vi ikkje gjort så mykje med, seier sjåføren til NRK. Читать дальше...