Frankrike ber Senegal gjennomføre val
Det franske utanriksdepartementet seier Senegal må gjennomføre eit nytt presidentval så snart som råd, melder Reuters. Valet blei nyleg utsett i ti månader frå 25, februar til 15. desember. Det har ført til demonstrasjonar og valdelege samanstøyt. Tysdag blei mobilnettet stengt for andre gong denne månaden. Minst tre personar har mista livet i uroa. – Frankrike sender sine kondolansar til familiane til dei som har mista livet i demonstrasjonar dei siste dagane. Vi oppmodar til forholdsmessig bruk av makt, skriv fransk UD i ei melding.