Viktig siger for Hareide og Island
Island, som blir trena av Åge Hareide, vann 2–0 borte mot Montenegro i Nasjonsligaen laurdag. Måla kom ved Orri Steinn Óskarsson i det 74. minutt og ved Bergmann Jóhannesson like før full tid. Sigeren betyr at Island før siste runde framleis kan klare andreplassen i gruppa si på nivå B, som vil gi opprykkskvalifisering til nivå A. Det skjer dersom dei slår Wales på bortebane tysdag. Island blir dårlegast nummer tre i gruppe, ei plassering som gir nedrykkskvalifisering. Wales spelte 0–0 borte mot Tyrkia laurdag. Читать дальше...