Tyskland åtvarar mot panikk i Ukraina
Den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock åtvarar mot å gjette kva Russland har tenkt å gjere i Ukraina. – Vi veit ikkje om det er teken ei avgjerd om eit angrep, sa ho under tryggingskonferansen i München laurdag. USAs president Joe Biden sa fredag at han er overtydd om at Russland kjem til å angripe. Men Baerbock seier ho ikkje vil vere med på spekulasjonane. – Det mest upassande vi kan gjere i krisesituasjonar, er å gjette og tru. Mi oppmoding er at vi ser nøye på fakta på bakken, sa ho.