Finland sender igjen våpen til Ukraina
Finland skal igjen sende våpen til Ukraina, men vil ikkje gje detaljar om kva slags våpen det er snakk om.
Leveransen skjer tre veker etter at Finland for første gong braut med den etablerte praksisen sin om ikkje å sende våpen til krigssoner, og sende ein leveranse som inkluderte 2.500 automatvåpen, 150.000 patroner, 1.500 panservernvåpen i tillegg til 70.000 matrasjonar.
– Vi avslører ikkje detaljane så vi kan sikre at leveransen kjem trygt fram til Ukraina, sa Finlands statsminister Sanna Marin til journalistar i Brussel torsdag. Ho stadfestar likevel at sendinga frå Finland omfattar våpen.
– Vi må vere førebudde på å støtte Ukraina så lenger krigen varer, seier Marin.
(NTB)