Målrik transportetappe for Liverpool
Liverpool gjorde jobben og gjekk greit til semifinalen i meisterligaen. Dei slo Benfica samanlagt 6-4 etter 3-3 i returkampen på Anfield, trass i at Liverpool starta med berre fire av spelarane som vann 3-1 i Portugal i førre veke. Ibrahima Konaté heada Liverpool i leiinga etter 21 minutt, men Goncalo Ramos utlikna etter 32. Det stod 1-1 ved pause. Roberto Firminio scora to gonger og gav Liverpool 3-1 midt i andre omgang. Men gjestene gav ikkje opp, og Roman Jaremtsjuk og Darwin Nunez greidde å utlikne. Читать дальше...